Nestangen vert utforma for miljømedvitne menneske med ein sosial og aktiv livsstil, og som vil bu landleg og sentrumsnært på same tid. Bustadområdet ligg på ein rygg, med flott utsikt både innover og utover fjorden. Det er kort veg til fjordstien og ein kan ta på seg fjellskoa og starte fjellturen heime.
Tomta har eit godt lokalklima med mykje sol. Vi ønskjer å forvalte den tidlegare landbrukseigedomen på respektfullt vis, gjennom å ta vare på matjorda slik at den kan nyttast vidare i området eller som matjord andre stader.
Bygningsvoluma på 1-4 etasjar
vert sett saman av mindre volum noko som gir varierte og spennande rom mellom husa, og er eit godt utgangspunkt for gode uteopphaldsareal med leikeareal, møteplassar og moglegheiter til å dyrke sin eigen mat.
Bygningane tilpassar seg eksisterande bygningsmiljø ved at dei lågaste bygningane i 1-3 etasjer ligg øvst mot hagebyen, medan dei høgaste ligg nederst mot næringsområdet.